|
Hytter
Hyttene har stor terrasse med hagemøblar og grill. Til kvar hytte følgjer det med eigen båt med motor. I tillegg kan du nytte det store sjøhuset, der 2. etasje er innreidd som fellesrom i ekte, maritim stil. Her finn du også sløyerom og frys. Vaskehus ved hyttene, utstyrt med vaskemaskin, tørketrommel og strykejarn inngår som ein del av pakketilbodet Færøykavlen Feriehytter tilbyr. Hytteferie treng ikkje vere utedo og vaskevatn i bekken... Bad med flis-lagt dusj og wc gjer til at du føler deg vel heile ferien gjennom. Etter ein dag i frisk sjøluft er det herleg å kunne sove i store, lyse soverom. Ved plassbehov kan også hemsen nyttast til sovestad. Vi trur du vil trivast her hos oss! Færøykavlen Feriehytter |