Beliggenhet

10 minutt med båt vest for Florø sentrum ligg Færøykavlen Feriehytter. Sentralt i skjergarden, med hyppige hurtigbåt- ruter til/frå Florø, kan vi tilby moderne, nybygde hytter, omkransa av havet og med høve til å følgje med på all båttrafikk nordover og sydover i skipsleia.

Øylivet treng ikkje berre vere fiske frå bryggekanten og rusleturar i vasskanten...

Vestkysten Reiseliv A.S arrangerer fleire ulike turar i nærliggande område.

Du kan til dømes dra på fyrsafari eller på havfiske, reise med Atløy på øyturar eller besøke Kinn for å sjå Kinnaklova og Kinnakyrkja - ei stein- kyrkje frå 1100-talet.

Verdt eit besøk er også Svanøy, «Sunnfjords Perle» med særmerkt flora og fauna, minnesmerke frå vikingtida og Svanøy Hovedgård.